Bø og Sande Sanitetsforening

Vellykka Eldrecruising

Søndag 21.september hadde vi vår årlege «Eldrecruising». Sanitetskvinnene i Herøy og AmcarYS har eit fantastisk samarbeid. Amcarklubben henter og bringer bebuarane på institusjonane våre både i ytre og indre Herøy. Køyrer en tur, og i år gjekk turen ut i Nørvågen slik at dei fekk sjå nye hotellet og konsertuset og etterpå ned på Mjølstadneset. Kjempe stor takk til denne gjengen. Det er en bra armada med amerikanske biler som kjem til Bø på denne dagen. Atten amerikanske biler og dei syner godt igjen etter vegen.


Sanitetskvinnene fra Bergsøy, Trekløver, Solsikken og Leine er med og hjelper til ved sjukeheimane, også kjem dei til Bø og Sande grendahus der sanitetskvinnene frå bygda har laga til gode smørbrød og kaker, kaker får vi også frå foreningane på Bergsøya og Leine.






Veret såg ut til å sette en demper på turen, men plutselig slutta det og regne og himmelen vart litt blå akkurat når våre gjester kom til Bø. Våre pensjonister frå Bø er også med og deler dagen med oss.







Vi har ei koseleg kaffi stund på grendahuset og alle koser seg, får møte nye og gamle venner og praten går rundt borda.






Vi er også så heldige at vi har tre tidligare ordførarar frå Herøy med på festen, Knut Nærø som var ordførar frå 1972 til 1975, Charles Remø frå 1980 til 1987 og Svein Gjelseth frå 1989 til 1995 og frå 1999 til 2003.





Tidligare år har vi hatt det på Kristi Himmelfartsdag, men i år vart det på hausten. Ein kjempefin dag, og vi gler oss alt til neste år.

Karin Bø

Bø og Sande sanitetsforening