Haddal Sanitetsforening

Haddal Sanitetsforening har hatt sitt årlege arrangement for dei over 60 år som er ein hyggekveld med underholdning og matservering. Dei hadde i år fått 55 påmeldte.


Blandakoret Hemingen frå Flø underholdt med sang og forteljingar i ein times tid.















Då var det klart for matservering og det var nydeleg kyllingsuppe og brød. Når det var unnagjort så var det klart for Marie Lovise Vidnes Johansen frå Hareid som las.

Deretter var det kaffi og kaker i masse vis. Det vart ein riktig koseleg kveld både for gjestane og sanitetsdamene.