Herøy Sanitetsforening

Eldrecruising høsten 2015

ELDRECRUISING 13. SEPTEMBER 2015
Søndag den 13. september 2015 hadde vi vårt årlege samarbeid i Herøy med Eldrecruising. Herøy sanitetsforening og AMCAR Ytre Sunnmøre inviterer beboarar frå vår institusjoner og dei eldre på Bø og Sande.
Dette er eit samarbeidet vi set stor pris på, Amcar klubben stiller opp med biler og sjåfører, og ikkje minst hjelpende hender der det trengst.
Vi var heldige med veret, nokre regndråpar, men flott temperatur ute.
Våre eldre får køyre på biltur med flotte amerikanske biler og hyggelege sjåfører.
Dei blir henta på sjukeheimane i ytre og indre Herøy, køyrt en tur rundt i Herøy også tek dei turen til Bø og Sande grendahus der sanitetskvinnene på Bø og Sande har diska opp med gode smørbrød og flotta kaker.
Dei andre sanitetsforeningane i Herøy, Bergsøy, Trekløver, Solsikken og Leine leverer kaker og hjelper til ved sjukeheimane og under festen på grenadahuset.
Vi er også så heldige å ha Steinar Åheim med på laget og han speler til opptrykte songar og litt fritt musikk innslag, alltid like stemningsfullt.
Dette er ei koseleg ettermiddagstund som vi alle set pris på.
Dei eldre får møte andre kjenningar og får kose seg med kaffi og god mat og god prat.
Vi gler oss alt til neste år og til neste Eldrecruising.

Under er nokre tilsendte bilder
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

Eldrecruising i Herøy

Amcarklubben har hjarte for bil og motor. Sanitetsforeninga har noko på hjartet. Og begge har dei hjarte for dei eldre i Herøy, og dermed er det duka for eit utradisjonelt samarbeid som alle har glede av.

I Herøy på Sunnmøre er det nemleg ikkje berre Amcar-eigarane som ventar på våren, slik at go'bilane kan kome på vegen igjen. Mange eldre innbyggjarar ventar også på at yngre og eldre amerikanske skjønnheiter skal dukke opp, og ta dei med på køyretur. Det er nemlig tradisjon i Herøy, til glede for både bileigarar og seniorar.

Den lokale Amcarklubben arrangerer den populære "< Eldrecruisinga" i samarbeid med Bø og Sande Sanitetsforening. Dei har i tillegg med seg hjelp frå dei andre sanitetsforeningane i Herøy. Bebuarar på sjukeheimane og aldersbustadane i bygdene blir inviterte i god tid, og Amcarklubben sørgjer for at bilar og sjåfører hentar dei påmelde. "Litt logistikkutfordringar er det også -Biltypen må passe til dei forskjellige brukarane - Her er det rullatorar og krykkjer og forskjellig anna tilbehør som skal vere med på tur. Dei store rullestolane må sjukeheimsbilen hjelpe til med.

I år var det ca 50 eldre som takka ja til ein Amcar-tur. Vårsola glitra med nypussa bilar og festpynta passasjerar. Etter ein halvtimes tur i nærområdet, blir kursen sett mot Bø og Sande grendahus. Her er Sanitetskvinnene klare med kaffi og eit imponerande kakebord, og elles hjelper dei til ved borda der det trengst.

Som tidligare år var trekkspelmusikar, Steinar Åheim hyra inn til å spele til allsong med vårsongar og andre kjende låtar.. Men underhaldning trengs ellers ikkje i slikt eit lag. Her går praten livleg om alle slags emner, også om sjåførane og bilane. Og om nokon ønskjer seg ein liten ekstratur før ferda går tilbake til utgangspunktet, så lar det seg som regel avtale med sjåføren.

Herved oppfordrar/utfordrar Amcarklubben og Sanitets-foreningane i Herøy alle andre lokale Amcar- klubbar til å prøve noke liknande.

Under er mange fine bilder frå arrangementa.

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

Vel overstått basar

23.6.13 hadde Bø og Sande Sanitetslag sin årlege basar jonsokafta, med sal av rømmegrøt, kaker og kaffi, loddsal, tombola og lynlodd. Her var masse flotte gevinster og fullt hus fra før oppstart kl 15.00 og til og med kl 17.00. To effektive timer med salg av nesten 40 kg rømmegrøt med tilbehør, pluss alle de flotte kakene som gikk med. Alle tombolalodda, og i basarboka var nesten 1000 lodd solgt + sju blokker med lynlodd.

Arrangørene hadde bra ver, sola titta fram og temperaturen steig, også fekk de en liten regnskyll før det letta igjen og sola skinte på nytt. Grendalaget solgte grillmat og brus. Her er et fantastisk bygdelag som stiller opp og hjelper til, stiller med gevinster og kjøper lodd av Sanitetslaget. Heile bygda stiller opp og tar middagen på jonsokafta saman med saniteten, i det flotte grendahuset som bygda har hatt mange dugnadstimer på. Denne gangen vart jonsokafta på en søndag men det var masse folk for det. Det er ca 90 husstander i bygda.

Det vart et flott bidrag til sanitetsarbeid vidare framover i 2013, og neste år er det ny runde med grautkoking, sal av lodd, kaker og kaffe. Bø og Sande Dsanitetsforening ønsker derfor alle sanitetskvinner i Møre og Romsdal og i resten av vårt vidstrakt land en god sommer, så starter vi med nytt mot til hausten igjen.

Berit Hjelseth er fast blomsterdekoratør.
Berit Hjelseth er fast blomsterdekoratør.
Bjørg Bøe som er fast tombolaselger.
Bjørg Bøe som er fast tombolaselger.
Fantastisk kakebord! Ragnhild Bøe er fast kakeselger.
Fantastisk kakebord! Ragnhild Bøe er fast kakeselger.
Full sal med glade bygdafolk på basar.
Full sal med glade bygdafolk på basar.
Marit Molnes Sæther er fast kaffekoker.
Marit Molnes Sæther er fast kaffekoker.
Masse flotte strikkavarer til basaren.
Masse flotte strikkavarer til basaren.
Oddbjørg Ytrebø og Marit Bøe, våre dyktige grøtkokere.
Oddbjørg Ytrebø og Marit Bøe, våre dyktige grøtkokere.

Fastelavn i Fosnavåg

Laurdag 9.feb må ein kunne seie at saniteten sette farge på kommunesenteret i Herøy.


Det markerte slutten på innsatsen som saniteten har kvart år med sal av fastelavnsris rundt om i heile landet. Mykje arbeid ligg bak kvart fastelavnsris. Henting av bjørkekvistar, bunting til høvelege ris og til slutt festing av fargerike fjør. Så er det å selje det vi har lagt arbeid i. Inntektene går til tiltak for betre kvinnehelse og lokale tiltak for barn, unge og eldre.







 Herøy sanitetsforeining blei i år med på ny vri på fastelavnsmarkeringa. Trekløver pynta eit stort tre på Allmenningen i Fosnavåg. Det blei fastelavnstre i staden for juletre!







Samanbunta fjør blei selde og festa på treet til stor glede for dei frammøtte. Etterkvart som sola viste seg på plassen, kom folk og kosa seg med kakao og bollar som dei dyktige sanitetskvinnene frå Trekløver hadde med. I tillegg var det sal av vanlege fastelavnsris frå Leine, Solsikken og Bergsøy. Det gjekk greit unna! På denne måten samarbeider laga i Herøy sanitetsforeining med å setje farge på fastelavnsfeiringa. Vi vil bruke pengane som kom inn, til renoveringa av Sanitetshuset.

Mange kjøper ris med oss kvart år, og det er såleis ei god inntektskjelde. Bergsøy har i mange år selt ris på Mega og Meny mange dagar i tida før fastelavn. Vi er djupt takksame for at vi får plass der, og ikkje minst takkar vi frå hjartet alle dei som støttar sanitetsarbeidet ved å kjøpe ris. TUSEN TAKK!


Redaksjonen takkar så mykje for det fine innlegget frå Signe-Marie Skarstein.

Vi gratulerer Herøy sanitetslag med "lønna"som Trude Teige fikk for sommerjobben i Se og Hør.
På spørsmål om hvilket godt formål som skulle få lønna for jobben svarer Trude, den vil jeg gi til sannitetskvinnene hjemme i Fosnavåg, De gjør en utrolig god innsats for lokalmiljøet, og som i likhet med de kollegene jeg har hatt her i dag, fortjener en oppvartning."