Straumsnes Sanitetslag

Delte ut boksershortser til lydhøre russ!

Også Straumsnes sanitetslag har deltatt i Russ-15 prosjektet. De besøkte sist i april Tinvvoll vidaregåande skule, og fikk god mottakelse. Under er noen bilder tilsendt fra Aura Avis, som hadde en fyldig reportasje fra arrangementet. SMISO stod for den faglige delen med sin apell til ungdommene.
pplegg både for russen og saniteten.
pplegg både for russen og saniteten.
SMISO orienteret om grenser og seksuell aktivitet i ruspåvirket tilstand.
SMISO orienteret om grenser og seksuell aktivitet i ruspåvirket tilstand.
Russen satte pris på besøk og litt påminnelse.
Russen satte pris på besøk og litt påminnelse.
Goodiebagene ble nøye inspisert.
Goodiebagene ble nøye inspisert.
Leder i Straumsnes Sanitetslag, Solbjørg viser frem boksershortsene.
Leder i Straumsnes Sanitetslag, Solbjørg viser frem boksershortsene.
Godt fornøyde russ!
Godt fornøyde russ!

Fullt hus!!

Leder i Straumsnes Sanitetslag Solbjørg Varpe Nålsund ble nærmest målløs når de sist arrangerte åpent møte i menighetshuset. Rundt 70 damer i de fleste aldrer hadde tatt turen for å høre på fysioterapeut Trine Lise Bjørnebye som holdt et inspirerende foredrag med tittelen "fysisk aktivitet og helse sett i ett kvinneperspektiv".






Hun engasjerte og fikk de fremmøtte med på litt enkle øvelser for bedre helse der og da.











Solbjørg takket Trine Lise for sitt foredreg. Etter pausen tok hun på seg sin andre hatt, som nestleder for Hedemark fylkesforening. Her tok hun opp problematikken med gaver til almennyttige forhold, som IKKE går innunder NKS sine vedtekter.











Skikkelig bra oppmøte gav også mange fine gevinster til utloddningen.













Og kveldsmaten fallt i hvertfall i smak til alle de fremmøtte.

Åpent møte om kvinnehelse

KVINNEHELSE OG STRAUMSNES SANITETSLAG.

Norske Kvinners Sanitetsforening har kvinner,frå vogge til grav,i fokus.
Vi arbeider for å betre livsvilkår for norske kvinner i alle faser av livet,kvinnehelse er eit viktig strategisk område.
For når det gjeld kvinnehelse har N.K.S. målsetjing om å utvikle og å setje i gang tiltak og ulike aktivitetar som gjev kunnskap om ærnæring og fysisk aktivitet i eit helseperspektiv.
Straumsnes Sanitetslag har etter påtrykk frå medlemmar som har vore på Savalen og høyrt "fantastiske föredrag fått foredragshaldar til OPE MØTE.
Difor ber styret i Straumsnes Sanitetslag inn til møte torsdag 28. august kl.1900 i Menighetshuset.

For frå Engerdal der det ifølgje visa "veks georginer i glaset" kjem fysioterapeut Trine Lise Bjørnebye og held foredraget "Fysisk aktivitet og helse sett i et kvinneperspektiv".
Vidare vert det kveldsmat og utlodning,vi seier takk for gåver til basarbordet.
Etter kveldsmaten ynskjer vi ein diskusjon om korleis saniteten brukar pengar lokalt.

Styret i Straumsnes Sanitetslag ynskjer kvinner frå alle lag og aldrar VELKOMNE til ein triveleg seinsommar-kveld.

Jubileumshelsing frå Straumsnes Sanitetslag

Straumsnes Sanitetslag vart stifta på Øydegard bedehus 27.juni 1918 etter initiativ av Hanna og Eistein Nilssen, og Elisabet Wekelsen Jahn. Der teikna det seg 14 medlemmar og til eit midlertidig styre vart vald Hanna Nilssen, Nikoline Ødegård og Anne N.Ulset. Spanskesykja herja i bygda dette året, så saniteten starta arbeidet med å få tak i sjukemateriale og utdanning av sjukesøster.


No har Straumsnes Sanitetslag gått gjennom skiftande tider og generasjonar, laget er no 95år. Ein høg alder, men ein livskraftig 95åring.


Difor vert det markering av 95årsdagen på Menighetshuset tysdag 17.september 2013 kl.1900. Bjørn Austigard held kveldens foredrag «Folkemedisin». Det er ikkje sanitetsmøte utan utlodning og god kveldsmat. Vi ynskjer ALLE velkomne, medlem og ikkjemedlem, kvinne og mann.


Til alle våre møter og tilstellingar er det gratis inngang og mat. Fredag 6. og laurdag 7.september vil sanitetsdamer vere på butikkane i kommunen og selje lodd til utlodninga .For skal laget drivast og yte ein innsats i nærmiljøet, trengs det midlar.


Nytt av året er Rusleturane vi har starta opp annankvar måndag «Lyst på livet». Etter rusleturen samlast vi på stova B, omsorgsboligane, til kaffi og prat. Ein gong i månaden vert det også små temamøter etter rusleturen, alt i frå allsong til fysioterapi. Vi ynskjer bygdefolket velkomne, treng nokon skyss, vert det også ordna.


Vidare program vi har i haust kan nemnast Temakveld i oktober. Leiar for Veiledningssenter for pårørende til rusmiddelavhengige i Midt-Norge avd.Molde, Ada Elizabeth Eeg Krohn og lensmann i Tingvoll vil sitje i panelet. Her vonar vi mange vil møte opp, også frå andre lag og kommunar. Oppslag og kunngjering kjem seinare.

Så ser vi fram til adventsstund for dei eldre og julelunsjen for skuleborna.


Straumsnes Sanitetslag har vel 200 medlemmar, det høge medlemstalet kjem av at Tingvoll sanitetsforening vart lagt ned og medlemmane overført til Straumsnes. Vi er difor eit lag for heile kommunen. Det noverande styret hadde vona på større oppslutning og interesse frå indre deler av kommunen. Laget har nokre få, men fantastiske damer der som gjer ein stor innsats. Men dei er få i høve medlemstalet og vi vil så gjerne få fleire med oss.


Styret i Straumsnes Sanitetslag ynskjer alle ein fin haust med sol over Nordmøre.

Velkomne til 95årsdagen vår og få ein triveleg kveld i lag med saniteten.


Vårt motto er no som før «Omsorg i nærmiljøet».


Helsing styret i Straumsnes Sanitetslag v.leiar Solbjørg.


Ruslegruppe

Måndag 6mai 2013 kl.10.00 inviterer "Ruslegruppa" til tur med utgangspunkt ved Omsorgsboligane, Einset. "Ruslegruppa er ei undergruppe i sanitetslaget med Kirsti Holm og Ann Elise Brevig som ansvarlege.
I tillegg møter frivillige frå saniteten opp. Det vert lagt opp til korte, rolege spaserturar og litt lengre for dei som er spreke nok til det. For dette er eit lavterskeltilbod, slik at alle uansett fysisk helse kan vere med.
Her vert det ikkje skritt-teljar eller stoppeklokke,her skal vi ha tid til å sjå blomsten i vegkanten.

Ved dårleg og ufyseleg ver vil gruppa nytte stover og gangar på Omsorgssenteret, både til "trim" og enkel samankomst med ein kaffikopp. For det sosiale skal vere ein viktig faktor i " Ruslegruppa".

" Ruslegruppa"ynskjer ALLE velkomne til ein triveleg "spasertur". Er det nokon som treng hjelp eller skyss,så ikkje lat det hindre dykk.

Ta kontakt med leiarane i dei ulike kretsane, Ann Elise tlf 48125228 eller Solbjørg tlf 90716334.

Kirsti arbeider aktivt med å få starte opp grupper i Tingvoll. Det skal vi kome tilbake med når dato ,tidspunkt og oppmøtestad er fastsett.