Sunnylven Sanitetslag

Anne Gausdal nytt æresmedlem

Under Vårtreffet for medlemer i Sanitetslag og Pensjonistlag på Sunnylven kyrkjelydshus laurdag vart Anne Gausdal tildelt diplom og utment til æresmedlem i Sunnylven sanitetslag.


Det var leiar i Sunnylven sanitetslag, Kari Hauso Stadheim som stod for overrekinga til eit trufast medlem for laget gjennom mange år. I tillegg til diplom vanka det mange gode ord til heiderspersonen som vi gjengjev her;

Utnemning av æresmedlem

-Stort engasjement, mykje ansvar og arbeid, og eit stort bankande hjarte for saniteten.
Dette er ord som for oss oppsummerer Anne Gausdal sitt forhold til Norske Kvinners Sanitetsforeining generelt og Sunnylven sanitetslag spesielt. I to periodar og heile 18 år til saman har du vore leiar og primus motor for det som blei gjort i laget saman med dei andre i styret og medlemmane. I lagsboka vår, som du var med og fekk laga, er det dokumentert alt som blei gjort og gjennomført dei åra du var leiar, og det er ikkje lite.
Ny aldersheim var ei sak som du og laget brukte mykje tid og krefter på.

Les heile artikkelen på hellesylt.no

Sunnylven Sanitetslag med folkerik loppehandel

Det starta med loppemarked i 1970 - 80-åra med Sunnylven sanitetslag som arrangør. Det vart til Sommardagar på Hellesylt, ein årviss folkefest som i år vart arrangert for 27. gong første helga i juli.



Dagane er ein dugnad der dei fleste i bygda tek del med ulike tilbod til dei mange tilreisande. Etter eit «kvileår» var Sunnylven sanitetslag igjen på plass med sitt loppemarknad.







Loppemarknad var tydeleg populært, for det vart svært folksamt rundt borda og dei mange tinga som laget hadde fått inn og baud fram.








Handelen gjekk livleg heile laurdag 5. juli, og sjølv om det var ein del pruting på pris kom det inn rundt 15.000.- i lagskassa til Sunnylven sanitetslag. Det er vi i leiinga godt nøgde med.





Sunnylven sanitetslag ynskjer god sommar til alle!

Beste helsing styret; Kari, Ingebjørg, Britt, Anne Marie, Ester, Solfrid

Mange kom på fastelavnskaffe


Fastelavnskafeen til Sunnylven sanitetslag vart ein stor suksess. Lokala i Peer Gynt Galleriet var full av folk dei tre timane kafeen varte. Både bygdefolk og tilreisande slutta stort opp om tiltaket til Sunnylven sanitetslag laurdag. Å kunne kome saman og slå av ein prat over kaffikoppen var tydeleg noko mange sette pris på.






Og sanitetslaget hadde meir enn kaffi å by fram. Både fleire gode kaker og kremfylte fastelavnsbollar gjekk unna. I tillegg var det godt sal av merkevara til saniteten, fastelavnsris og fargerike fjører som etter kvart pynta opp eit flott og rankt bjørketre inne på Peer Gynt Galleriet

Åsmøte med besøk fra Fylkesstyre


Sunnylven sanitetslag har halde årsmøte og har fått på plass nytt styre. På årsmøtet var leiar i sanitetslaget si fylkesberedskapsgruppe, Kari Kvendset til stades og orienterte om viktige detaljar i samband med oppretting av lokale omsorgsberedskapsgrupper.

Dette var særs nyttig for oss då vi ønskjer å få på plass ei omsorgsberedskapsgruppe komande år.


En aktiv høst i Sunnylven

Sunnylven Sanitetslag sender noen bilder fra en aktiv sanitetshøst 2013.









Lørdagsbasar med godt oppmøte.









Adventsstund
på aldersheimen.




Sanitetsdamene sørga for Luciamåltid for alle elevane ved Sunnylven skule.



Gåve til barnehagen


Sunnylven barnehage kunne i år feire at det er 30 år sidan barnehagen vart starta. Sunnylven sanitetslag gav ved dette høvet to trehjulssyklar i bursdagsgåve. I tillegg blei det lunsj spandert av sanitetslaget ein dag seinare. Då fekk barnehagen besøk av tre sanitetsdamer som alle er bestemødre til born i barnehagen. Dei hadde handla inn masse go`saker for å servere lunsj til alle i Trollhola. Det vart store fat med brødskiver med godt pålegg av sjømatprodukt, fleire sortar ost og kjøttpålegg pynta med raudt og grønt, og i tillegg god drikke i koppane.
Fornøgde ungar med dei nye syklane
Fornøgde ungar med dei nye syklane
Sanitetn ordna og med mat
Sanitetn ordna og med mat
Ungane storkosa seg!
Ungane storkosa seg!

Vellykka fastelavn

Mange kom innom Peer Gynt Galleriet og Sunnylven sanitetslag sin laurdagskafe sist helg. Der vart fastelavn feira med bollar, saft og kaffi, og pynting av ei stor bjørk med fargerike fjører.


I tillegg til smakfull meny var det sal av fastelavnsris, ei merkevare for Norske kvinners Sanitetsforening, og som organisasjonen har einerett til salet av.



Sunnylven sanitetslag hadde utfordra næringslivet og privatpersonar i Sunnylven til å kjøpe pynten til den store bjørka som hadde fått sin plass i vestibylen i kunstsenteret.

Nær 300 fjører som kvar vart betalt med 20.- kroner fekk etter kvart sin plass i treet, så arrangøren var godt nøgd med oppslutninga.








For dei yngste kjøparane var det stas å hjelpe til med pyntinga, eit populært tiltak som fleire kafe-gjestar meinte burde bli eit årvisst tiltak.


Sunnylven Sanitetslag 100 år

Sunnylven Sanitetslag feira for ein tid tilbake hele 100 år. Fylkesstyret fikk i den anledning en hilsen tilbake med mange fine bilder som vi publiserer her. Kari Hauso Stadheim skriv: Tusen takk for besøk, blomehelsing og protokoll i høve jubileumet. Fint med ny protokoll då den vi nyttar snart er utskriven. Vi synest vi fekk til ei flott markering, og vi kjenner oss klare for nye utfordringar framover. Kjekt var det at vi har verva seks nye medlemmer i forbindelse med markeringa. Under er et bildegalleri frå feiringen.