Todalen Sanitetsforening

Fokus på Skjønnhetstyranniet

VÅRE UNGDOMMER, IKKE BRA NOK??
-med fokus på skjønnhetstyrraniet

Mandag 21. september kl 19-21 er det åpent møte i Kantina på Surnadal Ungdomsskole. Kom og hør Marta Breen, forfatter, journalist og blogger som blant annet stiller feministspørsmål ingen andre tør spørre.

Elevene får høre henne i skoletiden samme dag.
Enkel servering!

-et initiativ fra sanitetsforeningene i Surnadal og Halsa kommune, med god støtte fra Svorka, Surnadal Kommune, Halsa kommune og Surnadal Sparebank.

Les om fine forhåndsomtaler på Trollheimsporten og todalen.no



Fastelavn ute og inne

Fastelavn går sin gang, og i Todalen er de i rute også i år. Litt vått i produksjonen, men salget gikk strykende i etterkant.

Surt men triveleg likevel tykte damene i Todalen. Frå venstre Liv Larsen, Marit Sanden Søyset, Ragnhild Ansnes Moe, Elinor Bolme og Åse Redalen.













Fredag og laurdag var dei på plass på «torget» på Matkroken L. Hals med både fastelavensris og eit flott fastelavenstre på vegkanten framfor butikken.
Det var Åse Redalen som var på plass med eit hundretals fastelavensbukettar og fjør i kråa mot Kaffekroken og ho fortalte at salet gikk unna. Ein risbukett med fjørpunt kostar 50 kroner, og ei fjør til utetreet kostar 20 kroner. Utetreet er forresten eit godt alternativ dersom du har pollenallergi og ikkje vil dra bjørkaris inn i huset.


Vellykka basar, nok ein gong!

Den årlege sanitetsbasaren er eit stort løft for Todalen sanitetsforening. Dei siste par vekene har det foregått førehandssalg på felleslista både på Matkroken og i Amfisentret i Surnadal. Tilsaman var det kome inn 23.900 før basaren i Sanitetshuset starta i går, men den summen klarte dei mesta å doble når dei fekk med loddsalget på basaren. Rundt 40.000 vart sluttsummen før dei kunde runde av og starte trekkjinga søndag ettermiddag.

Åpent møte om Etiopiaprosjektet og Vold mot kvinner

Todalen Sanitetsforening har startet Sanitetens uke. De hadde mandag 22. september åpent møte om både Etiopiaprosjektet og Vold mot kvinner.



De fikk besøk av sykepleier Thea Brevik som orienterte om sitt opphold i Etiopia i 2013, mens hun enda var sykepleierstudent ved Høgskolen i Molde.

Etter litt servering ble det fokus på temaet som skal belyses under Sanitetens uke: Vold mot kvinner av fylkesleder Elinor Bolme




Besøk også fra nærliggende foreninger. Her representert av Magda Løvik, Martha Vike Sæther, Dortea Aarset og Marit Halse fra Halsa Sanitetesforening og Valsøyfjord Sanitetsforening. Kari Kvendset frå Todalen



Foto: Jon Olav Ørsal.

Fikk delta på storøvelse

Klokka 10 i dag gikk alarmen om at det hadde vært eksplosjon ved Surnadal vidaregåande skule. Mange skadde var et faktum, og alle nødetater i kommunen ble alarmert. Det var heldigvis bare en øvelse. Den store øvelsen som hadde vært planlagt i over to måneder, fikk oppunder 1000 mennesker i sving. Her ble alt tilgjengeleg mannskap fra Surnadal Brann- og redningsvesen (inkludert avdeling Todalen og Kvanne), politiet (inkludert 112-sentralen), kriseteam, helsetjenesten i kommunen, St. Olavs hospital, AMK tjenesten, ambulansetjenesten Helse midt, Surnadal Røde Kors og Omsorgsberedskapsgruppa i Todalen Sanitetsforening utkalla til en så realistisk øvelse som mulig.

 Bildet viser her May Elisabeth Holten og Jorunn Ørsal i Todalen omsorgsberedskapsgruppe når de melde seg hos Røde kors etter at alarmen hadde gått.

Over 20 skadde skulle tas hånd om , og saniteten var storfornøyd med å kunne få lov til å delta på ein så stor øvelse.

Se enda flere bilder fra storøvelsen her: Vel gjennomført storøvelse







Etterpå ble det evaluering for alle deltakere.

Fastelavn med bollar og kakao.

Salgs av fastelavnsris er eit av innteksfundamenta også til Todalen Sanitetsforening. Slik har det vore gjennom lange tider, og både fredag og laurdag aksjonerte nokre av medlemane i foreninga med stand utafor Matkroken L. Hals. Her bydde dei på nystekte boller og varm kakao i den bleike vårsola. Og sjølvsagt hadde dei ein baktanke med dette, for det var salg av fastelavnsris som var hovudbudskapet.


For ein 50-lapp fikk ein kjøpt ein bukett bjørkeris som var pynta med fjør i mange farger, eller ein kunne kjøpe av dei like populære store fjøreene og bli med å pynte "sanitetstreet" som sto på vegkanten mellom butikken og Talgø-fabrikken.







 Eller dersom du heller ville prøve lykka i lotteriet, så kunne du kjøpe lodd og vinne eit fint kunstverk frå Inga Dalsegg. Utover føremiddagstimane var det mange som var innom og som sette pris på tilbodet frå saniteten, fortel leder Maren Ansnes som er godt nøgd med responsen frå publikum.





Pynting av stort bjørkeris har vore populært dei siste to åra.

Les meir om Todalen Sanitetsforening HER!

Gir så det monnar!

8 foreningar i Surnadal har gått saman og kjøpt inn ein celletelllar til Surnadal legesenter. Ein celletellar er eit apparat til telling av blodcellene. I løpet av sekunder kan ein celletellar kvantitere raude celler, hvite celler og blodplater i ein blodprøve, og videre uttrykke undergrupper av hvite blodceller i prosent eller absolutt antall av hver type. Dette gjer kvardagen for til dømes kreftramma i Surnadal mykje enklare. Alle som skal få cellegiftkur må nemleg ha dagsferske prøvar av dei kvite blodlegema. Og er ikkje verdiane gode nok, får ein demed ikkje kuren. Tidlegare har pasientane derfor måtte returnere heimatt utan å få cellegiftkuren på Orkanger eller Trondheim. No slepp dei bomturen, og ikkje minst påkjenninga av ein slik tur.







Initiativtakaren til denne dugnadsgaven til Surnadal Legesenter er Brit Holte i Bondekvinnelaget. Ho tok kontakt med fleire aktuelle bidragsytarar før jul i fjor, og på ein, to, tre vart celleteljaren bestilt til legesenteret. Ingen seier nei til å kunne bidra med noko slikt, smiler ho.







Legane og dei andre tilsette ved Surnadal Legesenter set umåteleg stor pris på denne gaven, og gler seg til å kunne ta den i bruk. Apparatet er særdeles effektivt. På rundt tre minutt er prøvane klare og kan brukast i i fleire høve, ikkje berre for kreftpasientar, fortel bioingeniør Tone Haugen Nordvik. Prøvane av denne modellen gir heile 19 ulike analysar, som vil gå rett inn i pasientens sin journal. Ved spørmål om andre som ikkje er heimehøyrande til Surnadal kommune kan få komme til Surnadal Legesenter å ta prøvar, bifell lege Atle Aune dette.







Med seg på laget til å støtte denne nyinvisteringa til omlag 60 000 kroner er:

Surnadal Bygdekvinnelag
Åsskard Bygdekvinnelag
Øvre Surnadal Bygdekvinnelag
Todalen Sanitetsforening
Øvre Surnadal Sanitetsforening
Torvik Sanitetsforening
Surnadal Demensforening og Helselag
Åsskard Helselag

Foreningane gir celleteljaren i gave til Surnadal Legesenter, og legesenteret tek seg fortløpande av forbruksmateriell og vedlikehald.

 På bildet er følgande damer representert, med organisasjon i parantes: frå venstre Inger Lise Heggem (Åsskard Helselag), Liv Botten (Surnadal demensforening og helselag), Randi Lysø (Torvik Sanitetsforening), Ingrid Pedersen (Todalen Sanitetsforening), Jorunn Fiske Pedersen (Øvre Surnadal Bygdekvinnelag), Serine Heggset (Surnadal Bygdekvinnelag), Janne Svendsli (Åsskard Bygdekvinnelag), Margit Fugelsøy og Jorunn Rindal (Øvre Surnadal Sanitetsforening), Brit Holte (initiativtakar og Surnadal Bygdekvinnelag), lege Atle Aune og bioingeniør Tone Haugen Nordvik.

Nytt kunstlotteri

Todalen Sanitetsforening har allerede anskaffa eit nytt kunstverk til å lodde ut på desember. Det er no fjerde året på rad at Todalen Sanitetsforening har ei slik utloddning. Tidlegare år har det vore kjøpt kunst av lokale kunstnarar med tilhørigheit i Todalen. I år er også ein lokal kunstnar valgt, men denne gongen frå Rindal, nemleg Inga Dalsegg. Ho vart som dei fleste er kjent med valgt til «Årets Drivanavn 2013″ og i etterkant slo ho til med stort kunstsalg for å gi litt tilbake for prisen. Saniteten fekk i tillegg ekstra «sanitetsrabatt» for sitt valg, for å komme i samsvar med årets budsjett!

 Bildet som Todalen Sanitetforening har valgt ut heiter «Gentle touch», eller slik cirka «varsam berøring» på (ny)norsk. Bildet blir hengande i Sanitetshuset størsteparten av tida fram til det årlege førjulstreffet på desember, der det ligg loddbok tilgjengeleg. I løpet av året kjem nok også bildet til å bli med på ulike tilstelningar for å nå fleire som ønsker å støtte opp om sanitetens arbeide. Inntekta av bildet går blandt anna til drift og vedlikehald av Sanitetshuset med dei fire utleigebustadene som saniteten eig og driv.





Kunstnaren Inga Dalsegg, Årets Drivanavn på Nordmøre.
Sjå www.ingadalsegg.com om meir info








Ellers er det eit par datoar som er verd å merke seg i løpet av kommande tid i forbindelse med Saniteten i Todalen:

Laurdag 11.januar: Strikkekaffe
Tirsdag 4. februar: Årsmøte
Laurdag 26. april: Klesinnsamling til Estland

Brannvern og nissegraut

Overraskande mange unge tok turen til Sanitetshuset i dag for å delta på brannøvelse i regi Todalen Sanitetsforening og Todalen Brannvesen. 1. desember er røykvarslarens dag, og dette ønska Todalen Sanitetsforening å markere litt ekstra under sitt tradisjonelle førjulstreff. Derfor var utykningsleiarane Ivar Bolme og Håvard Halset representert frå brannvesenet under arrangementet. Dei hadde lånt Surnadal Brannvesen sin sløkkjehengar, slik at alle som ville fekk prøve seg på enkel sløkkjing utanfor sanitetshuset. Både ung og gammel nytta høvet til å gjere seg kjent med eit bransløkkjingsapperat i eit for anledninga særdeles strålande vêr utan hverken vind eller sidelengs regn.

Etterpå vart alle invitert inn i Sanitetshuset på nissegraut, lett underholdning og kaffe med noko godt attåt. Førjulstreffet er ein årelang tradisjon som Todalen Sanitetsforening har. Her er alle babyar født sist år særskild inviterte til å ta turen nedover for å motta eit lite smykke kalla «barnets lykkeskilling». I år er det berre tre fødte i Todalen, og kun vesle Julia Krajewska frå Bjørli tok ut i ruskeveret med foreldra sine. I tillegg vart Anne Moe hedra med sin årelange innsats i Todalen Sanitetsforening. Ho vart dermed æresmedlem nr 4 i foreninga, frå før er Marit Kallseth, Lisbet Halle, Maria Ansnes og Margit Halle utnemt.

Tradisjon tru delte saniteten ut blomster til alle todalingar over 80 år og til alle todalingar som er busett på dei ulike eldreinstitusjonane i kommunen vår. Nytt av året var at dei i tillegg fekk utdelt slukkeskum på boks. Dette er eit hendigt sløkkjemiddel for anledninga sponsa i sin heilheit av Gjensidige Surnadal, saman med batteri til alle dei seriekopla røykvarslarane i Sanitetshuset. Desse vart også naturlegvis skifta, med kyndig hjelp av brannmannskapet. Brannvesenet delte også ut hendige brannkalendrar til alle frammøtte frå feiar Jon Nordvik.
Alle seriekobla brannvarslarar fekk nye batteri. Alle over 80 fekk brannslukkeskum på boks.
Alle seriekobla brannvarslarar fekk nye batteri. Alle over 80 fekk brannslukkeskum på boks.
Bra oppmøte!
Bra oppmøte!
Demonstrasjon av skumapperat av det lokale brannkorpset.
Demonstrasjon av skumapperat av det lokale brannkorpset.
Og demonstrasjon av eit pulveraparat..
Og demonstrasjon av eit pulveraparat..
...ingen tvil om at skum er best!
...ingen tvil om at skum er best!
 
 
 
 
Kristine Saksen Ulvund
Kristine Saksen Ulvund
 
 
 
 
Synnøve Talgø las juleverset og tente lys
Synnøve Talgø las juleverset og tente lys
May Elisabeth Holten deler ut Lykkeskilling tiø vesle Julia og mamma hennar.
May Elisabeth Holten deler ut Lykkeskilling tiø vesle Julia og mamma hennar.
Anne Moe vart hedra med æresmedlemtittel!!
Anne Moe vart hedra med æresmedlemtittel!!

Basarrekord uten sidestykke!!

Søndag 27. oktober arrangerte Todalen Sanitetsforening sin årlege basar i Sanitetshuset. Med eit litt for lite lokale, nok ein gong, var det til tider varmt og høglytt med besøksrekord frå bygdafolket.

Nesten 51 000 kroner kom inn! Da med tre ulike basarbord, med tilsammen langt over 100 gevinstar og ein del åresalg, som engasjerer i alle aldrar. Dette var en betydelig økning på nesten 10 000,- fra i fjor. De innsamlede midlene går til vedlikehald og opprustning av sanitetshuset med 4 utleigeenhetar, samt ulike prosjekt både lokalt og nasjonalt som inngår i den strategiske plana til Norske Kvinners Sanitetsforening.

Les mer om Todalen Sanitetsforenings arbeide den siste tiden her.

Åresalg og bespisning blandt de yngste
Åresalg og bespisning blandt de yngste
Godt oppmøte i Todalen
Godt oppmøte i Todalen
Ingrid Pedersen ansvarleg for åresalget.
Ingrid Pedersen ansvarleg for åresalget.
 
 
Åresalget går unna.
Åresalget går unna.
Bøtte med godt slår alltid ann.
Bøtte med godt slår alltid ann.
Bra oppmøte også blandt de unge.
Bra oppmøte også blandt de unge.
Bestefar Trygve og barnebarnet Trygve Aleksander
Bestefar Trygve og barnebarnet Trygve Aleksander
 
 
Yes! Vi vannt!!
Yes! Vi vannt!!

Vellykka stemmerettsjubileum!

Torsdag 24. oktober var mellom 250-300 personar samla på Gammelfabrikken til Talgø for ei heidundrande markering av stemerettsjubileet. Kvelden var eit samarbeidsprosjekt mellom Todalen Sanitetsforening, Surnadal kommune og Talgø AS.

Og her var det mykje historikk samla i eitt program. Kvelden var først og fremst via til famileoverhode, gründer, fabrikkeigar, sanitetskvinne, arbeidsgivar , jernkvinne og vertinne Thora Talgø. Thora Valset, ein av dei mange etterkommarane hennar let oss bli betre kjent med denne sterke kvinna som flytta frå gode kår i Kristiansund til litt mindre kår i Todalen etterkvart. Ho vart desverre i tidleg alder enkje, men valgte å fortsette sitt og mannen Tore sitt livsverk Talgø møbelfabrikk, med dei oppturar og nedturar det medførte tidleg på 1900-talet.


Carina Talgø og Maren Ansnes, begge representerte Todalen Sanitetsforening, men Carina er også oldebarn til grunnleggaren av Todalen Sanitetsforening, som vart stifta i 1916.

All inntekt denne kvelden gjekk til sanitetsforeninga, heile 17 000,- på lodd- og matsalg.




Formannskapet i Surnadal hadde i anledninga dramatisert kampen om allmenn stemmerett for kvinner på samme tidsrom, og dei fleste i salen takka vel i det stille for at verda heldigvis går vidare. I tillegg var fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde invitert til å fortelje om eit langt liv som kvinne i politikken. Noko som slettest ikkje hadde vore nokon dans på roser for den engasjerte kvinna frå Hareid som tidlegare har vore ei av få kvinnelege ordførarar i vårt fylke, frå 1999-2007.

Maren Ansnes, leiar i Todalen Sanitetsforening held eit innlegg om Fredrikke Marie Kvam. Ei kvinne som var lik Talgøgründer Thora Talgø på mange vis.


Sjå enda fleire bilder frå ein særdeles vellykka kveld på todalen.no

Omsorgsberedskapsgruppa i Todalen Sanitetsforening i aksjon.

Onsdag 31. juli gikk det et stort jordras i Todalen som førte til at veien inn til bygda ble stengt. I tillegg mistet de strøm, delvis telefon og internettforbindelsen. Beredskapsmannskap fra Surnadal kommune og bygdefolk startet nesten umiddelbart med arbeide for å kartlegge ødeleggelsene, og ikke minst få det på plass igjen.

I den anledning bydde Todalen Sanoitetsforening frem sitt Sanitetshus til utlån for hjelpemannskaper som ikke hørte bygda til. Dermed ble huset base for både Svorka og Surnadal Røde Kors underveis i de kommende dagene. Les mere om raset og beredskapsarbeidet på todalen.no: Omsorgsberedskapen har fungert bra så langt i Todalen.

Todalen Sanitetsforening fikk i etterkant av arbeidet påskjønnelse både fra Svorka og Surnadal Røde Kors.






Synnøve Talgø og May Elisabeth Holten smør opp mat til beredskapsmannskapet.















Mannskap frå Surnadal Røde Kors og det lokale brannvesenet får seg en varmrett.








 Fire av de mange som deltok den første tida rett etter raset. Synnøve Talgø, May-Elisabeth Holten, Jorunn Ness og Sigrun Ørsal.

Feiring av 17. mai med ny banner

Todalen Sanitetsforening var en av foreningene som under fylkesårsmøtet falt for fristelsen å kjøpe en stemerettsbanner. Foreningen deltok i årets 17. maitog med den for første gangen. Rettelig så fin er den, og den blir nok brukt ved flere anledninger.

Klesinnsamling til Estland

For 6. året på rad har Todalen sanitetsforening samlet inn klær for Estlandsforeningen i Midt Norge. Årets aksjon gav rekord, med hele 146 søppelsekker med klær og utstyr som sendes med buss nedover til Estlandsforeningens institusjoner.

Det kom folk frå hele kommunen for å levere inn klær som dei ikkje treng lenger, og lagerskuret til Todalen sanitetsforening ble nesten fullt før dagen var over. Dei tok 25 kr pr sekk, som dekker transport til Estland, og det betalte folk gladeleg for å bli kvitt "overskuddslageret". Sanitetsforeningen spanderte kaffe og litt heimebakst på de som kom og leverte, og det var til tider livlig i sanitetshuset denne lørdagen.

Under er bilder fra når Estlandsforeningens representanter fra Rindal kom og hentet alle sekkene.
Les mer om dagen på todalen.no. Les mer om Estlandsforeningen HER.

 
 
Ekteparet Jensvoll kan å stuve sekker!
Ekteparet Jensvoll kan å stuve sekker!
Åse V Redalen er i tvil om alt blir med.
Åse V Redalen er i tvil om alt blir med.
 
 
Alt skal med...
Alt skal med...
Elsa og Jan Sturla jobber godt sammen.
Elsa og Jan Sturla jobber godt sammen.
142 sekker på plass!
142 sekker på plass!

Fastelavnsalg i -15 grader

Fredag 9. og laurdag 10. februar aksjonerte medlemane i Todalen sanitetsforening med salg av fastelavnsris. Det er ein årviss "happening" at dei lagar bukettar med fastelavnris, som dei pyntar med fargesprakande fjer, som dei så sel til inntekt for sanitetsarbeidet . I år hadde dei altså gjort ein vri og laga stand ved Matkroken L. Hals. Da dei starta laurdag morgon var det rundt 15 kuldegrader, og da hadde dei laga bålplass, og serverte nystekte bollar og varm kakao til dei som kom på handlerunde.





Johan Ørsal nyter god service på "drive inn" hos Elinor Bolme.



Og det var eit populært tiltak, for folk stoppa opp for å slå av ein prat, og i vinterkulda var det godt med varm kakao og nystekte bollar. Og da var det nok dei felste som kjøpte ein bukett med fastelavnsris eller fjør til å pynte eit tre som dei også selde. Dei hadde laga 100 bukettar, og trudde det var rikeleg, men på tampen av dagen var dei fleste bukettane gått ut. Mange nytta også høvet til å kjøpe seg ein kopp med den nye dekoren til NKS på. Tekst og foto: Jon Olav Ørsal/ www.todalen.no

Her ser de frå venstre Kari Kvendset, Elinor Bolme og Maren Ansens.
Og folk tykte det var artig å få lov til å dekorere treet sanitetsdamene hadde rigga opp.

Årsmøte 2012

Tirsdag 5. februar var det årsmøte i Todalen Sanitetsforening, der det vart nokre endringar i styresamansetjinga. Åse Ville Redalen takka for seg etter 10 år som leiar i laget, og årsmøtet valde samstemt Maren Ansnes som ny. Ho gjekk opp frå nestleiarplass, og denne vart erstatta av Ingrid Pedersen. Saniteten hadde lagt eit aktivt år bak seg, men blandt anna oppussing av ytterste utleigeleilighet og måling av heile Sanitetshuset. Godkjent regnskapet viste totalte utgifter somhuseigar på nesten 169 000 kroner, medan totale utgifter for 2012 kom seg på vel 268 000 kroner. Likevel gjekk laget med eit overskot på vel 14 000 kroner.

Ein del av inntekta til Saniteten er utlodning av eit årleg kunstverk. I år er allerede nytt anskaffa, denne gong ein nydeleg akvarell måla av Lisabet Storslett, Yttererbaugen. Dette bildet vil bli utlodda på desembersamlinga. Loddbok og bildet blir stasjonert i Sanitetshuset, men allerede i helga vil det bli med på ein fastelevensaksjon på L Hals.

Også i omsorgsberedskapsgruppa vart det nokre endringar. Der ønska ikkje leiar Kari Kvendset attval, så ny leiar i gruppa vart Elinor Bolme. Hensikten med denne gruppa, er å oppretthalde samarbeidet med Surnadal kommune og den omsorgsberedskapsavtalen Todalen Sanitetsforening inngikk med dei for nokre år sidan.

Hedra med Eldrearbeidets pris 2012

Surnadal Pensjonistlag avviklet årets Julemiddag på Folkehøgskolen i dag, 29. november. Dette er et populært førjulsselskap som samler mange godt voksne kvinner og menn, i år tett oppunder ett hundre. Attåt god julemat hadde de musikkinnslag og allsang samt et kåseri av ordføreren i Halsa, Ola Rognskog.










Dagens høydepunkt var nok ordfører Mons Otnes sin utdeling av årets Eldrearbeidspris, som i år, svært fortjent, gikk til Todalen Sanitetsforening. Ordføreren tok for seg foreningens livsløp fra starten i 1916 og framover mot dagens drift og konkluderte med at det kommunale Eldrerådet som jury hadde valgt en meget velfortjent og verdig prisvinner. Foreningens leder -Åse Redalen- tok i mot prisen. Hun mente tildelingen var meget ærerik og hun uttrykte stor takknemlighet. Prisen er et kunstverk av en lokal kunstner (Reidar Østvik) samt en sjekk på kroner 2.000,-.

Basartid

Todalen Sanitetsforening arrangerte søndag 14.oktober sin årlege basar. Her var det stort oppmøte av bygdafolket, noko som resulterte i nesten 39 000 innkomne kroner. Sanitetsforeninga hadde heile tre ulike basarbord; der det eine med nesten 60 gevinstar var ei forlenging av hovudlista, medan "Dagen bord" og "Barnebordet" kun vart solgt under sjølve basaren.









Åresalget er alltid like populært, både blandt gamal og ung!







Mykje folk støttar opp om Saniteten sitt arbeide, kvart år. Gå hit for å sjå fleire bilder, samt alle trekningslistene

Vellykka Løftatur

Tirsdag 25. september var det klart for natursti og kveldsmat i Sanitetshuset. Dette har opp i gjennom åra vorte ein populær tradisjon som Todalen Sanitetsforening arrangerer, noko det må seiast at det vart i år også. Rundt 50 mann med smått og stort møtte fram for å delta på både natursitien og det sosiale etterpå. Ikkje riktig alle tok turen om Løfta, men dei 37 som gjorde det, fekk bryne seg på 12 varierte oppgåver.

Etter at alle var ferdige med naturstien, vart det servert kveldsmat og frukt inne i Sanitetshuset før det vart premiering av naturstien, med påfølgande loddsalg og trekning av dette. Ellers var barnehagen med både ungar og tilsette spesielt invitert denne kvelden, då dei tidlegare i haust hadde sett opp ei lita ønskeliste til Todalen Sanitetsforening. Dei har fått litt mindre areal å boltre seg på i kvardagen, etter at elevantalet på Oppvekstsenteret vart vesentleg auka frå i haust. Derfor må barnehagen litt meir ut på tur og hadde i den anledning ønska seg både småsekkar, sitjeunderlag og store sekkar til personalet.

Jorunn Nordvik og Ruth Hilde Kvande fortalde at dei allerede hadde fått småsekkar til alle ungane frå Surnadal Sparebank, medan dei i kveld fekk overrekt 20 sitjeunderlag frå Amfi Drift AS og 2 Arc'teryx sekkar frå Todalen Sanitetsforening. Dei gledde seg til å ta dei i bruk på tur allerede i morgen. Og vi vart lova bilder frå utfluktene deira for å sjå utstyret i bruk!

På kvar post var det noko godt i eit spann (les:frukt)
På kvar post var det noko godt i eit spann (les:frukt)
Spreke damer ut av det grønne.
Spreke damer ut av det grønne.
Mange postar undervegs i naturstien.
Mange postar undervegs i naturstien.
Ein fin kvit rognebusk dukka opp.
Ein fin kvit rognebusk dukka opp.
May Elisabeth Holten og Marit Sanden Søyset sto for registrering av naturstideltakarane
May Elisabeth Holten og Marit Sanden Søyset sto for registrering av naturstideltakarane
Unge og gamle kosa seg
Unge og gamle kosa seg
Etterpå vart det kveldsmat
Etterpå vart det kveldsmat
Og loddsalg må det være.
Og loddsalg må det være.
Todalen barnehage fekk sekkar og sitteunderlag.
Todalen barnehage fekk sekkar og sitteunderlag.

Førstehjelp, diabetes og pausetrim

Tysdag 19. september hadde Saniteten temakveld i Todalen Ungdomshus. Da sette dei førstehjelp og diabetes på dagsorden, og inviterte bygdefolket og dei andre sanitetsforeningane på Indre Nordmøre til temakvelden som samla mesta 60 deltakarar. Første post på programmet var enkel førstehjelp i kvardagen, der anestesisjukepleiar Ingeborg Myrvang informerte og ga gode råd om førstehjelp dersom uhellet var ute eller om ein opplevde akutt sjukdom.
I pausen var det dekt til god gammeldags kveldsmat. Og sia diabetes var eit sentralt tema, var det sjølvsagt god og sunn mat, med mykje frukt og grønsaker på kveldsbordet. Men før kveldsmaten var det pausetrim. Ann Kristin Bruset frå Surnadal trenings- og velværesenter kom som ein frisk vind, og ho fikk igang blodomløpet og fikk mjuka opp ledda på sanitetskvinnene. Ho hadde fleire gode tips som ho lærte bort, både for å kurere haudverk og anna med enkle metodar.
Kveldens siste tema var diabetes. Diabetessjukepleiar Torhild Bæverfjord var hyra inn for å informere om denne sjukdomen som mange etter kvart har vorte ramma av. Ho tok for seg både kva symptom du skal væra på vakt mot, og korleis du skal takle sjukdomen på best muleg måte etter at diagnose er stilt. For du kan nemleg leve godt med diabetes. Under er nokre bilder frå kvelden. På todalen.no kan du lese meir om saka.
Maren og Ann Kristin
Maren og Ann Kristin
Bugnende kveldsmatbord
Bugnende kveldsmatbord
Heimebakst
Heimebakst
Utlodning
Utlodning
Utloddar Ingrid Pedersen
Utloddar Ingrid Pedersen
Besøkande frå Straumsnes
Besøkande frå Straumsnes
Foredragshaldarar og leiar i Todalen Sanitetsforening
Foredragshaldarar og leiar i Todalen Sanitetsforening

Todalen Sanitetsforening på avslutningstur

Medlemmene i Todalen Sanitetsforening bruker hvert år å legge sommaravslutningen sin utenom sanitetshusets fire vegger. I år gikk turen til Bøfjorden og eit besøk på Buret på Peøra hos Liv Berit Ansnes Brusethaug. Her fikk sanitetsdamene full oppvartning med omvisning på stabburet i tillegg. Sekretær May-Elisabeth Holten har sendt oss ein heil del bilder frå besøket og omvisninga. Disse ligger under. Klikk på hvert bilde for å få de større.

Mer spennede stoff om Todalen Sanitetsforening finner du her.

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

Rus og unge

Ein onsdag i mars var vel 5o ungdomar, foreldre, besteforeldre og andre interesserte samla ved Todalen Oppvekstsenter for ei orientering om ungdom og rus. Møtet var stelt i stand av Todalen Sanitetsforening og FAU ved oppvekstsenteret. Olav Halse representerte lensmannsetaten, og orienterte litt om rus-utfordringane dei har i vårt omland, då med vekt på Surnadal og Rindal. Han kunne fortelje at dei siste åra hadde faktisk rusproblematikken i vårt distrikt teke seg opp. I 2010 hadde dei 10 saker med rus involver, mot 18 saker i 2011. Og ja, det er eit belasta miljø i Surnadal.

Halse hadde også med seg diverse brukarutstyr som dei frammøtte fekk sjå, og ikkje alle var like sjølvsagt at kunne koblast opp i mot rusavhengigheit. Han orienterte også om konsekvensar på sikt for dei som blir tekne i ruspåverka tilstand, eller i medverknad til salg.

  • Utestengelse frå å få visum til mange land
  • Fråteke rett til å kjøyre bil
  • Utestenging frå diverse studium






Etter eit lite kaffelag, fekk Landsforeninga mot Stoffmisbruk (LMS)si avdeling på Sunndalsøra ta over ordet. Dagsagendaen deira er å hjelpe både rusavhengige og pårørande til rusavhengige til ein betre kvardag. Leiar Torill Bente Sunnmørsvik fortalde at her var dei ivrige med å få nye pårørande inn i "varmen" og å sende dei på kurs fortast muleg slik at dei lærer seg å mestre alle desse hindra og utfordringane det er å vera pårørande. Her fokuserte dei også på at søsken skulle skolerast i korleis dei skal unne handtere ein tøff kvardag med å sjå ein dei er glad i går til grunne.